Høyskolen i FinmarkMarkedshøyskolenHøgskolen i TelemarkTreiderHøyskolen i BuskerudBIHøgskolen i LillehammerHøgskolen i HarstadHøgskolen i Sogn og Fjordaneimente NorgeHøgskolen i HedmarkUniversitetet for miljø og biovitenskapUniversitetet i stavanger

Content on this page requires a newer version of Adobe Flash Player.

Get Adobe Flash player

Content on this page requires a newer version of Adobe Flash Player.

Get Adobe Flash player

TILBAKE

Reisemål: HSF

Høgskulen i Sogn og Fjordane satsar tungt på reiseliv. Målet er å doble studentmassen på studiet og bli blant dei beste og mest attraktive reiselivsutdanningane i landet.

- Vi har eit unikt konkurransefortrinn innan turisme og reiseliv i Sogn og Fjordane. Vi ligg midt i hjartet av Fjord-Noreg og har mektig natur med attraksjonar som Jostedalsbreen, Nærøyfjorden, Jotunheimen og Flåmsbana rett i nærleiken. Avstanden til Bergen er heller ikkje lang. Nyleg blei dei norske fjordane kåra til verdas beste urørde reisemål av National Geographic Traveller, så du kan gjerne kalle området vært eit fantastisk reiselivslaboratorium, seier høgskulelektor Ståle Brandshaug.
Det er dette reiselivslaboratoriet Høgskulen i Sogn og Fjordane ønskjer å bruke som plattform for å skape eit av landets mest attraktive reiselivstudium. Frø hausten blir studieinnhaldet i den treårige bachelorutdanninga lagt om. Fram til i dag har økonomi- og administrasjonsfag fått mest plass på timeplanen, men ved studiestart i 2006 vil reiselivsfaga dominere.

- øk-ad-faga vil framleis ligge i botnen, og i desse emna skal studentane sikrast tilstrekkeleg basiskompetanse. Men no vil fokuset er sterkare grad ligge på reiselivsfaga. I siste halvdel av studiet får studentane sjansen til å velje mellom to spesialiserte reiselivsfaglege retningar, nemleg Opplevingsturisme og Marknadsføring. Begge desse vil vere svært spennande og framtidsretta retningar å gå. Eg ser verkeleg potensialet i opplevingsturisme med tanke på kva moglegheiter som finst i fylket vårt, seier Brandshaug.

N�r dobling av bemanninga
Det er ikkje berre studieinnhaldet som blir lagt om på reiselivsutdanninga ved HSF. Storsatsinga på studiet gjer at bemanninga blir auka, eksterne førelesningskrefter skal prioriterast, samarbeid med lokale, nasjonale og internasjonale verksemder blir styrka og ei forskingsleiarstilling innan reiseliv ved HSF og Vestlandsforsking skal etablerast. I tillegg er Ståle Brandshaug, som kjem frå direktørstillinga i Destinasjon Stavanger, sjølv nytilsett ved høgskulen.

- Vi har ambisjonar om å få oppretta endå ei stilling innan kort tid. Reknar du med dei eksterne forelesarane vi vil nytte oss av, kjem det i sum til å utgjere når ei dobling av bemanninga ved avdelinga. Det syner at HSF meiner alvor med satsinga på studiet, meiner Brandshaug.

- Det skal også seiast at den kompetansen som ein allereie finn på huset, er svært høg. Vi vil vere i stand til å gje studentane ei solid utdanning.
60 studentar

Målet med satsinga er klar. Dagens tal på rundt 25-30 studentar skal doblast innan nokre år.

- Vi ønskjer så mange studentar som mogleg, men det første målet er å komme opp i 50-60 søkjarar. Eit større studentmiljø vil vere positivt for alle, både for lærarkrefter, studentar og høgskule, seier Brandshaug og legg til:

- Det er også gunstig for oss at det ikkje er mange studiealternativ innanfor dette området på Vestlandet. Stavanger er store på reiseliv, men elles er tilbodet lite. Vi har potensialet til å bli ein av dei aller mest attraktive reiselivsutdanningane i landet, trur Brandshaug.

Samarbeid
Reiselivslinja vil samarbeide tett med andre fagmiljø ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

- Koplinga mellom idrett- og friluftsliv er svært interessant. I tillegg har vi høg språkkompetanse ved HSF og det vil også vere naturleg å trekke vekslar på naturfagmiljøet og deira natur- og kulturkunnskap.
Studentar som ønskjer å gjennomføre deler av utdanninga si ute i praksis får sjansen til det.

- Vi har lagt opp studiet slik at deler av sisteåret kan bli teke som praksis. I tillegg har vi gode samarbeidspartnarar både i inn- og utland gjennom Erasmus-avtalen som gjer at du kan studere i utlandet neste siste semester og gå vidare på ei mastergradsutdanning hvis ein ynskjer det, seier Brandshaug.

Tekst og foto: Frode Aga

For annonser, forespørsler eller annet: karriereinfo@nhoreiseliv.no Følg oss på Facebook